Død mus

Barnehagen ligg slik til at "markane" er lett tilgjengeleg. Denne veka gjekk vi tur i "markane" og enda opp ved Gjølevatnet. På vegen fann vi mykje spennande, det som toppa lista var nok funnet av den døde musa.

Barnehagen er i sommarmodus. Sola skin, mange har ferie, gruppene slår seg saman og vi finn på kjekke ting i lag. Denne dagen gjekk vi til Gjølevatnet. På smale stiar i den stille furuskogen gjekk heile gruppa på rekke og rad. Vi gav forresten den stille skogen litt meir lyd ettersom vi gjekk innover.

På vegen fann vi både vanlege pinnar, pinnar som likna på fisk og ei ekte død mus! Den døde musa blei inngåande studert. Det viste seg at den hadde fjes sjølv om den var død. Vi fulgte også nøye med om vi såg hoggorm, det hadde vi hørt var observert nokre dagar tidlegare, men ingen orm viste seg for oss.

For å kome heilt fram til den plassen vi skulle ete, måtte ei lita elv kryssast ved å balansere på steinar. Det var artig, sjølv om nokre av barna "ploppa" med eine foten. Medan barna spiste lunsj, leste Anca eit eventyr om Dubbe Drultus, eit Senjatroll som er så kort at det luktar tåfis av håret.

Denne pinnen liknar ein fisk!

Ei død mus er funnen på stien!

 

Nesten heilt framme ved Gjølevatnet.

 

Anca les om Dubbe Drultus.