Hausttur til Trollskogen

Når vi skriv oktober, brukar vi i Rørstadmarka barnehage å ta oss ein felles hausttur. Turmålet er som regel i barnehagen sitt nærområde, slik at vi kjem dit ved å bruke beina. I år gjekk vi til Trollskogen, det ligg mellom Øtrevatnet og Storevatnet. Veret var ganske trollete denne dagen, men vi greidde å få fyr på bålet og grilla pølsene våre.

For å komme til Trollskogen kan vi anten gå forbi Lømyra og gjennom litt skog, eller så kan vi finne stien frå Ferdahaugen og gå skogen nesten heile vegen. Kristin var bålsjef denne dagen og gjekk i førevegen for å tenne bålet. Ho kunne rapportere om mange store søyler i skogen, så det var berre dei med lengst bein som gjekk den våtaste ruta. Dei med kortare bein gjekk forbi Lømyra, og slapp dermed unna med to - tre store søyler.

Framme i Trollskogen er det kjempefin skogbotn under dei høge furutrea. Der er det fint for barna å leike. Der er ein steingard som er fin å klatre på. Og ei stor mengde passande pinnar som ein kan bygge liksombål av. Nokre av barna ville klatre i tre, medan andre ville springe. Nokre var mest interessert i å sjå på bålet og prate med bålsjefen.

Mange av barna lot seg fasinere av bålet, av røyken, varmen, lukta, gnistane og askeflaka som steig til vers. Dei aller fleste barna syntes det tok unødvendig lang tid før det gjekk an å grille pølser på det bålet. Då smakte maten ekstra godt når den endeleg var klar.