Seinhaustdag i barnehagen

Etter fleire veker med regn KVAR dag blir vi utruleg glade for kalde, klare dagar i barnehagen. No kosar vi oss i vinterdressane våra med eit par minusgrader og sol frå blå himmel. Medan barna veit å setje pris på is som har lagt seg over søylepyttane, gler dei vaksne seg generelt over eit tørrare arbeidsmiljø.

Regndressen har vore i bruk kvar dag så langt tilbake vi greier å hugse. Dei siste dagane har det vore ei fryd å bruke vinterdressen. Sola skin frå klar himmel og alle synest det er best slik. Barna jubla over funnet av ein islagt dam. Der fekk dei sjekka om cherroxen hadde god gli.

No er det såpass lenge sidan vi har sett sola at vi nesten har gløymd at ho kastar skuggar. Det er moro. Særleg når sola står så lavt at skuggane blir så lange! Det er også artig at det går an å styre ein heil skugge sjølv!

Barnehagen har eigen fallskjerm som det er gøy å leike med. Fallskjermen blir løfta opp og ned medan nokre får vere under han. Vi prøvde også å legge ein ball oppi, for å styre den hit og dit.