Barnehagen i hjartet av Sula

På Fiskarstranda i Sula kommune finn du Rørstadmarka barnehage. Barnehagen ligg slik til at det er snertent å svinge seg innom frå hovudvegen, samtidig som vi ligg skjerma og med kort veg til mange fine turmål. Tre steinkast opp i vegen ligg også den lokale barneskulen.

Hausten 2003 blei Rørstadmarka barnehage SA starta opp som ein privat-eigd non-profitt andelsbarnehage. Ein andelsbarnehage fungerer slik at foreldra kjøper ein andel når barnet begynner i barnehagen, og så får dei pengane tilbake når barnet eller barna er ferdig i barnehagen. Ein andel kostar 2 500,- og gjeld uavhengig av antal søsken. Barnehagen drivast av eit eigarstyre valt av foreldra på årsmøtet. 

Barnehagen ligg slik til at vi har kort veg til både skog, mark og fjøre. Dette er barnehagen oppteken av å gjere seg nytte av. Barnehagen har plassar for barn frå 0-6 år. Dei er fordelt på 4 grupper; Marihøna, Bikuba, Humla og Utegruppa.

I Sula kommune er det samordna barnehageopptak. Utanom hovudopptak med søknadsfrist 1. mars er det "løpande opptak" ved ledig kapasitet. Ein kan søke om barnehageplass heile året. Klikk her for å komme til søknadsskjemaet alle barnehagane i kommunen brukar.