Raudavatnet

Raudavatnet, eller Raudåna som det også kallast, ligg 5-6 steinkast frå barnehagen i luftlinje, og nesten 400 meter å gå langs veg og sti. Som turmål brukar vi det mest på varme sommardagar, men det hender vi går dit andre tider også for å til dømes teste ut båtar vi har bygd.

Raudavatnet er nok ei perle i nærområdet vårt. Den lokale vel-forreninga har rydda området så fint, kjørt på ekstra sand og satt ut benkar. Ekstra lettvint er det også at søppeldunk er plassert ut der. Området vi går til er naturleg avgrensa, og stranda er langgrunn. Raudavatnet ligg såpass nært barnehagen at vi kan ta turar dit nærmast på sparket, men det er helst på varme sommardagar at vi går dit.

På Sula er det eit stykke mellom kvar sandstrand, så vi nyt å kjenne den varme sanden mellom tærne når den anledninga byr seg. I den lune vika kosar barna seg med å grave vass-kanalar i sanden, fylle på med vatn og reparere kanalen der det trengst. Andre barn synest det er kjekt å vasse litt og morar seg med å sprute med vatn.