Akebakke på barnehagen sitt uteområde

Barnehagen har akebakke inne på barnehagen sitt uteområde. Når snøen kjem, er barna klare med akematter.

Akebakken er veldig populær året rundt, men den er sjølvsagt ekstra kjekk når snøen kjem. Då tek vi fram akemattene og akar i veg. Barna hentar fram uante krefter og kan halde på kjempelenge. Det er ganske tungt å gå opp bakken med akematte på slep. Farta blir regulert etter kor høgt opp dei startar.

Det er med skrekkblanda fryd at barna set utfor bakken. Først på fanget til ein vaksen, seinere vil dei prøve sjølv. Slik risikofylt leik kan gjenkjennast ved at barna har moglegheit til å teste grenser og utforske risiko, og det ligg føre ein viss fare for fysisk skade. Ellen Beate Sandseter (DMMH) har forska på risikofylt leik i barnehagen og kategorisert leiken slik: Leik med 1) stor høgde, 2) stor fart, 3) farlege reiskap, 4) nær farlege element, 5) kamp- og bryteleik, og 6) forsvinne/gå seg bort-lek.

Utdanningsnytt.no omtalar Ellen Beate Sandseter si forskning. Vi kan lese om korleis barn søkjer spenning - meistring i eit passeleg balanseforhold, noko vi i barnehagen kan kjenne igjen frå mellom anna akebakken.