Fotballbana vår

Barnehagen har fotballbane med dekke av kunstgras. Den er i bruk året rundt til forballkampar, keeper-trening, tumleplass, springing, regelleikar som "bjørnen sover", eller hinderløype. Om vinteren, når veret tillet det, er bana godt eigna til å rulle store snøballar og bygge snømann.

Fotballbana i barnehagen har vore ein suksess sidan ho kom på plass i 2011. Nokre "årgangar" har brukt all tilgjengeleg speletid til å organisere forballkampar, medan vi andre tider ser meir danse- og turntrening. Den jamne, tørre flata appelerer også til dei som ønsker å måle krefter, anten det er organisert av vaksne (taudraging) eller ikkje (brytekamp).

Ei rett og jamn flate som denne inviterer til andre aktivitetar enn det vi finn i ulendt terreng. Her kan ein fokusere på aktivitetar der fart og/eller ramling er eit moment. Området er tydleg avgrensa med ein kant av plank og gjer det lett for barna å definere dei fysiske rammene for leiken.