Balansestokken kan brukast til avslapping og kvile

På baksida av barnehagen har vi satt opp ein balansestokk. Barna har funne ut at den kan brukast til meir enn å øve seg i å balansere. Med beina heva kan dei med støtte i Rammeplanen ta seg den kvila dei treng i løpet av ein dag i barnehagen.

I barnehagen blir barnet utfordra sosialt, kognitivt og motorisk, heilt frå dei kjem om morgonen til dei drar heim om ettermiddagen. Dei skal ta farvel med mor eller far, tone seg inn til dei andre barna på ein passeleg måte, bidra i leiken, etablere vennskap, meistre nye ting som å handtere sykkelen eller måle med pensel, bli trygg på dei vaksne i barnehagen, lære seg alle reglane på kva som er greitt og kva som ikkje er greitt, i tillegg til alle barnesangane, namna på alle barna og så vidare. 

Det er ikkje rart at barna treng kvile i løpet av dagen, også dei som har slutta å sove på dagtid. For nokre år sidan var det heilt vanleg med kvilestund i barnehagen. Då låg gjerne barna på matter medan dei lytta til eit eventyr eller ei bok. Nokre hadde tepper, andre fekk hente "kosen" sin. Nokre tok seg ein litan "dupp", andre lytta interessert, medan kroppen kvilte.

No er det ikkje så vanleg med organiserte kvilestunder for alle barna, men det er godt å sjå at barna tek seg pauser sjølv når dei kjenner det er bruk for det.