Teikning med kritt på asfalten

Som barnehagar flest har Rørstadmarka barnehage asfaltdekke som ein del av sitt uteområde. Det er godt eigna til å teikne på med kritt.

Asfalten på framsida av barnehagen blir god og varm når sola står på. Fleire barn synest det er kjekt å teikne med kritt. Dei vaksne lærer ifrå seg korleis dei teiknar omrisset av eit menneske, det er kjekt å øve på seinare.

Barna får prøvd ut korleis krittet gir frå seg farge, og kan samarbeide om større eller mindre prosjekt. Dei eldste barna kan få hjelp til å teikne opp paradis, og lærer reglane for korleis det skal brukast.