Dei eldste barna i barnehagen vår går i Utegruppa. I løpet av det siste året i barnehagen blir barna stadig meir sjølvstendige og sjølvhjelpne. Dei har med tursekk, matpakke, kler på seg sjølv og har ganske god kontroll på kvar dei ulike turmåla ligg. Dei begynner å få god kontroll på kvar dei sjølv bur og også kvar mange av vennane deira bur.
Barna i Utegruppa øver på å gjenfortelje, beskrive ting og viser ei begynnande interesse for å skrive. Det er gjerne stor interesse for tal og alder, medan årstal framleis er litt ubegripeleg for dei :)
Rørstadmarka barnehage har eit tett samarbeid med Rørstadmarka skule og Måseide barnehage. Gjennom dette siste året i barnehagen møtast vi til fleire treff der målet er å bli betre kjent og trygg på barn og nokre av dei vaksne som skal møte dei i august når det er tid for å starte i første klasse.