Humla

På Humla er barnehagens 4-åringar.

Barna på Humla har begynt å bli store og dei meistrar stadig meir. Dei etablerer vennskap, mange begynner å bli gode i rolleleik, og dei begynner å finne regel- og songleikar interessant.

Gjennom rolleleik øvar dei på å ta andre sitt perspektiv. Det kjem godt med når dei utanom leiken skal lytte til kvarandre. "Kvar sin tur" kan vere vanskeleg i denne alderen, anten det handlar om å gå først eller kven som skal sitte på bursdagsstol.

I denne alderen begynner barna å få oversikt over namna på familiemedlemmane, at også foreldra og ikkje minst besteforeldra har eigne namn. Mange finn ut at dei har etternamn, og til og med adresse.

Barna viser stor glede over å få til stadig nye ting. Mestringsglede over å få til å lukke glidelåsen eller få på seg sokkane sjølv, skrive bokstaven sin, gå på do på barnehagen, hoppar frå benken eller "stuper kråke". I barnehagen "jaktar" vi på dei tinga barna får til, og jublar i lag med dei. Barn er ulike, har ulike interesser og utviklar seg i ulikt tempo. Men alle har noko vi kan juble over kvar dag.