Marihøna er barnehagens småbarnsavdeling

På småbarnsavdelinga finn vi dei yngste barna på barnehagen.

Dei yngste barna i barnehagen er på Marihøna. Desse barna treng å erfare kva konseptet barnehage dreier seg om, sidan det ikkje let seg gjere å forklare dei det. 

I starten er det viktig at barna opplever nokon lunde det same kvar dag. Med gode rutiner vil barna raskare kjenne seg trygge på kva som skal skje kvar dag. Barna må også få ei god tilknytning til dei vaksne på avdelinga og dei må vite at dei HEILT sikkert at dei blir henta av mamma eller pappa etter ei stund. Når dette er på plass kan personalet begynne å utforske barnehagens nærmiljø.

På Marihøna ser vi vennskap utvikle seg, barna utøvar sin sosiale kompetanse og dei tileignar seg kunnskap og ferdigheiter innan praktiske og motoriske områder. I leik og glede ute og inne oppfordrar vi barna til å åle, krype, rulle, klatre, gå og hoppe. Forståing av rom og retning, underlag og sjølvbevisstheit utviklast i eit samspel med utfordringane dei møter.

Språket er i stor utvikling, både verbalt og non-verbalt. Dei vaksne er gode språkmodellar som "tekstar" alt dei gjer, les bøker, seier regler og syng sangar for barna.