"Rullemarka" er eit turmål som innbyr til rulling

Ein kvar barnehage med respekt for seg sjølv og barna, må ha ei rullemark. Vår rullemark er eit populært turmål, og vi finn den dersom vi går "snarvegane" gjennom skogen mot Måseide barnehage.

Rullemarka kan besøkast til alle årstider og i alt slags ver, sjølv om mange av dei vaksne i barnhagen synest det er litt kjekkare når det er tørt i bakken. 

For å komme til Rullemarka må vi gå opp til Raudavatnet og finne stien som går langs vatnet. Den leiar oss vidare forbi nokre hus. Rullemarka dukkar opp på høgrehanda før vi kjem til skogen som leiar oss til Måseide barnehage. 

For barna har rulling og snurring ein eigenverdi som vi vaksne ikkje alltid forstår, sjølv om dei som driv Tusenfryd og Liseberg har forstått at dette kan ein gjere forretning av. Ein treng i alle fall ikkje å forklare barna kva som er meininga å gjere når dei kjem til Rullemarka. Dei hiv frå seg sekken og rullar i veg.

Det viser seg at rulling og snurring bør vere ein del av barnet sin kvardag, det finn vi støtte i når vi søkjer meir informasjon om hjerna si utvikling.  Charlotte Arnesen, barnekiropraktor med vidareutdanning i barnenevrologi, har i sin blogg skildra korleis hjerna treng stimuli via sansane i tillegg til næring for å utvikle seg. Når barna rullar ned rullemarka blir vestibulærsans, berøring og musklane sin respons til tyngdekrafta brukt, og kanskje lukt og smak også. Dess meir hjernecellene blir stimulert, til meir kan dei auke i storleik og lage nye kontaktar (synapser) slik at hjerna modnast og utviklast vidare.

Stien langs Raudavatnet

 

Teikn i tida tydar på at Rullemarka vår skal bli boligområde. Vi tek opp jakta på ei alternativ rullemark.