Nyheter

  • Påskeeventyret i Rørstadmarka barnehage

    Det nærmar seg påske, og tradisjonen med å ruge ut kyllingar i barnehagen held seg oppe. Det absolutte høgdepunktet for barna er når dei kan vise fram årets påskekyllingar til foreldra under påskefrukosten.

    10.04.2025 14.14
  • Er det klaaaart?

    "Eg høyrer og gløymer, eg ser og hugsar, eg gjer og forstår" kan vi lese i årsplanen vår. Barna i akebakken gjer seg mange viktige erfaringar om snø, kulde, fart, sosiale reglar og enda mykje meir.

    10.01.2025 14.56
  • Nissefesten 2024

    Dagen for nissefest er her og barna er fulle av forventningar. No skal vi endeleg få gå rundt juletreet, spise nissegrøt og kose oss. Dei eldste barna har spreidd ryktet om at julenissen er på veg!

    16.12.2024 11.27
  • Første adventsamling i barnehagen

    Det er grålysning og vi har samla alle barna til ei felles samling på kjøkkenet. Det er tida for vår første adventsamling!

    29.11.2024 11.14
  • Se flere aktuelle saker i arkivet...

Laster..

Barnehagen i hjartet av Sula

På Fiskarstranda i Sula kommune finn du Rørstadmarka barnehage. Barnehagen ligg slik til at det er snertent å svinge seg innom frå hovudvegen, samtidig som vi ligg skjerma og med kort veg til mange fine turmål. Tre steinkast opp i vegen ligg også den lokale barneskulen.

Søknadsfrist 1. mars 2025

Hovudopptaket til barnehageplass frå hausten har søknadsperiode 1. januar - 1. mars. Rørstadmarka barnehage har samordna opptak med Sula kommune. Det digitale søknadsskjemaet finn ein ved å gå inn via lenka på denne sida, eller frå nettsida til Sula kommune.