Påskekylling 2024
Når det begynner å pipe frå styrars kontor forstår alle at det nærmar seg påske. Med rugekasse og gode kontakter har vi fått fram årets påskekyllingar i barnehagen.
Når det begynner å pipe frå styrars kontor forstår alle at det nærmar seg påske. Med rugekasse og gode kontakter har vi fått fram årets påskekyllingar i barnehagen.
18.03.2024 15.40Mannen som mista skinnvotten undra seg over at den kunne vere varm etter å ha lagt i snøen så lenge. Barna i Rørstadmarka barnehage veit kvifor; alle dyra som budde i den medan den låg på bakken. I dag har barna kledd seg ut som eitt av desse dyra når det var karneval i barnehagen.
15.02.2024 14.11Med ski- og akeutstyret klart var det berre å vente til den rette dagen. Og i dag kom den. Vi har kosa oss med akematter, rumpebrett, akebrett og ski heile dagen. Pluss varme og mat frå bålpanna.
17.01.2024 16.04For kjempelenge sidan var det ei gruppe foreldre på Fiskarstranda som slo seg saman og bestemte seg for å etablere ein barnehage her i bygda. No 20 år seinare har vi fremdeles eit engasjert styre som ser til at 55 barn har eit barnehagetilbod ved Rørstadmarka barnehage.
31.10.2023 12.33På Fiskarstranda i Sula kommune finn du Rørstadmarka barnehage. Barnehagen ligg slik til at det er snertent å svinge seg innom frå hovudvegen, samtidig som vi ligg skjerma og med kort veg til mange fine turmål. Tre steinkast opp i vegen ligg også den lokale barneskulen.
Hovudopptaket til barnehageplass frå hausten har søknadsperiode 1. januar - 1. mars. Rørstadmarka barnehage har samordna opptak med Sula kommune. Det digitale søknadsskjemaet finn ein ved å gå inn via lenka på denne sida, eller frå nettsida til Sula kommune.