Skjeret

For å kome til "Skjeret" kan vi gå opp Mikkalvegen og ned ei mark, eller så kan vi gå inn Blomvikvegen og finne stien langs fjøra. Det er uansett eit stykke å gå, så vi tek med mat vi planlegg å vere her ei stund når vi skal til Skjeret.

Eit av barnehagen sine turmål er naturperla "Skjeret", eller Sandvika som det kallast av dei private eigarane av området. Barnehagen er så heldige å få bruke dette området frå tid til anna.

Sidan dette turmålet er litt lang unna barnehagen, må kvaliteten på "transportetappen" vere så god som mogleg. Gode samtalar, ein sang eller rim og regler hører med. Vi følgjer nøye med på kva vi finn og ser langs vegen. Det er alltid noko spanande. Vi kjenner alltids nokon som bur i husa vi går forbi, lastebilane helsar gjerne på oss med ein liten -tut-, høyballar kan skape lengre samtalar, for ikkje å snakke om ei død mus-funn.

Rett ved "Skjeret" ligg den lune vika med ei fin fjøre og ein platting det er fint å sitte på når vi et nista vår. I fjøra finn vi alltid spanande ting og dyr. Vi samlar inn i bøtter, studerer og spekulerer. Vi inspirerer til nysgjerrigheit og vitebegjær, og legg til rette for læring på barna sine premisser! Kor mange bein har ein krabbe, kva er tang, kvifor er sjøvatn salt, osb. Før vi går lyt vi rydde fint opp etter oss og sette eventuelle fanga dyr ut i sjøen igjen.