Prøve- 17. mai i barnehagen

Det er dagen før 17. mai, på barnehagen har vi "prøve- 17. mai"! Vi lagar eit langt tog som alle i barnehagen går i, bak barnehagen si flotte fane. Tilbake på barnehagen ventar klassiske 17. mai-leikar som taudraging og potetløp. Nytt av året er svampekasting!

Før 17. mai brukar barnehagen å ha "prøve- 17. mai". Då har vi ei miniatyrutgåve av den ekte 17. mai-feiringa med tog, leikar og eting av pølser. I år fekk vi til og med besøk av ein ekte russ som delte ut russekort og is.

Toget gjekk langs fortauet opp til "Strandman", over overgangsfeltet og tilbake til barnehagen gjennom byggefeltet. Barna blåste i fløyter, tromma, vifta med flagg og ropte barnehagen sitt slagord: "Rørstadmarka barnehage, det er vi! Vi synger og leiker - er alltid blid! HURRA! HURRA! HURRA!"

Tilbake i barnehagen fekk barna prøve seg på tautrekking, ringspel, bowling, potetløp, sykkelløp og svampkasing. Det siste var veldig artig til eldre barna var. Dei yngste syntes ikkje det var fint å drive på med, så dei ville ikkje.