Vinterdagar i barnehagen

Vinteren på Sunnmøre stiller ikkje med garanti om snø og kulde (minusgrader), men dei dagane vi har det slik, er vi klare! Når vi i tillegg får sol frå klar himmel blir vi ekstra positive.

Kalenderen har lenge orientert oss om at vi er i vintersesongen, så vi er heilt klare når det skjer: Det ligg snø på bakken, minusgrader held snøen der og sola skin. Det er kjekt.

I akebakken akar vi på akematter. Vi lagar bob-bane for dei små bob-kjelke-figurane vi har. Ekstra godt smakar maten vi kokar i bålpanna.

Suppekoking i bålpanne.

Bob-bane 

Bob-bane med nylaga publikum