Leik og moro ved på naturleikeplassen

Rett som det er, brukar vi naturleikeplassen ved gapahuken. Det er kort veg å gå, og det er mykje artig å finne på det borte. Uansett årstid.

Desse barna har tatt den korte turen bort til naturleikeplassen. For å kome dit må dei først ta seg ut porten på baksida, så følge først stien så vegen bort til Lømyra klubbhus. Deretter passerer vi ein nedlagt leikeplass som eigentleg berre ser ut som ein bakke med nokre furutre. Når ein så snik seg opp på bakketoppen, åpnar det seg eit område med gapahuk, balansestokk, klatrenot, klatretau på berg, terreng som innbyr til leik og kjempemange fine pinnar!