Makrell i tomat

Å vere ein barnehage på bygda har mange venta og nokre uventa fordelar. Blant dei venta fordelane kan vi nemne mange fine turmål, dei fleste barna har barnehagen i sitt nærmiljø og at vi er på fornamn med dei tilsette på Kiwi. Av dei uventa fordelane kan vi trekke fram impulsivt naust-besøk til "kjentmann" i fjøra.

Aller først kan vi avsløre at denne "kjentmannen" er ein far i barnehagen. Han hadde vore ein tur på sjøen og dratt i land ein god fangst med makrell. Da ei gruppe frå barnehagen kom forbi, åpna han likegodt naustet sitt og gav oss ein flott naturfagtime med "makrell" på timeplanen.

Det er ikkje alle som tenker på all læring som skjer for barna i barnehagealder, det er lett å tenke at læring først begynner i skulealder, og da gjerne bokstavar og tal. Men TENK på allt barna lærer før dei er klar for den type kunnskap. Alle begrepa som skal fyllast med innhald, for å nemne noko.

Der nedi det naustet var sansane til barna vidåpne: Dei såg teiner, dei fekk kjenne på og halde fersk makrell, og dei fekk kjenne lukta av gammal makrell. Barna fekk sjå korleis makrellen såg ut inni, den hadde magesekk (med innhald), lever, hjerte, hjerne og auge. Ny informasjon for mange, den blir kopla til eksisterande kunnskap. Seinare kan det leikast og "lagrast" til seinare.

I etterkant av turen blei det prata om kva dei hadde vore med på, sett, erfart og lært. Når det blei spørsmål om kva for type fisk dei hadde studert, var det ei som hugsa det: Makrell i tomat!