Barnehagedagen 9. mars - Små steg for kloden

I Rørstadmarka barnehage markerte vi årets barnehagedag i nærmiljøet. Dei yngste var heilt nært, dei plukka søppel ute og kildesorterte inne. Dei litt eldre barna la turen til Kiwi, der vi mellom anna fekk sjå kva som går føre seg på bakrommet.

I regi av Utdanningsforbundet blir barnehagedagen markert i mars kvart år. Det blir satt fokus på ulike tema kvart år, formålet er å synleggjere kva barna får oppleve, erfare og lære i barnehagen. I Rørstadmarka barnehage brukar vi å vere med å markere denne dagen.

I år er tema for dagen barnehagens arbeid med natur og miljø, under slagordet: «Små steg for kloden». I Rørstadmarka barnehage har vi satt fokus på nærmiljøet med plukking av søppel, og dei eldste fekk bli betre kjent med Kiwi og det dei kan by på av gjenvinning.

På bakrommet sorterer dei plast, sidan dei tek imot mykje varer som har plastemballasje. Vi har hardplast, klarplast og farga plast.

Sandra på Kiwi demonstrerte også pappressa. Når dei pressar pappen tek den mykje mindre plass og blir enklare å handtere.

Det viser seg at panteautomaten også klistrar flaskene og boksene vi matar inn. Vidare blir dei samla i digre posar som så blir sendt inn til vidare gjenvinning. Etter omvising på bakrommet, fekk barna sjølv prøve panteautomaten. Panteprosessen enda med ein dose mynt ved kassa.

Før vi gjekk tilbake til barnehagen blei det også levert inn tøy i ein av kleskonteinarane. Desse kleda har lagt på barnehagen lenge, utan at nokon saknar dei. No kan kleda kome andre til nytte.