Supersnø i barnehagen

Etter fleire år i barnehagebransjen kan vi slå fast at det er lite som kan måle seg med 20 cm fersk snø. Det er glatt, mjukt, formbart og fint å sjå på. Nokre meiner til og med det smakar godt... Når ein i tillegg treff med antrekket (passe varm og passe tørr) + har rett utstyr (akematte og spade), da kan vi leike ute lenge!

I Rørstadmarka barnehage er vi velsigna med både akebakke, utstyr til å leike i snøen med pluss gode klede til barna. Men vi har funne ut at dei ikkje er like enkelt å vite når (og om) det gode vinterveret kjem. 

I DAG slo vinterveret skikkeleg bra til og gav oss eit kjempeflott vinterføre!

Barna har storkosa seg i snøen. Med 20 cm mjuk og fin snø har barna aka i akebakken, spadd i snøen og hoppa frå klatrestativet. Det gjekk godt an i dag sidan det var så mjukt å lande.

Fart og spenning, bryte nokre grenser, skaffe seg ny erfaring og meistre nye ting. I dag har det vore mykje læring for barna.