Barnehagedagen 2023

Under slagordet «Liten og stor» har barna har fått kjenne på utfordring, spenning og meistring i trygge former på ski, akebrett eller akematte - i lag med dei vaksne.

Årets "barnehagedagen" har Rørstadmarka barnehage brukt ute. Det har snødd skikkeleg mykje den siste tida, men pent.no antyda nokså fint ver på formiddagen. Vi inviterte barna til ski- og akedag i barnehagen i dag.

Under slagordet «Liten og stor» har barna har fått kjenne på utfordring, spenning og meistring i trygge former på ski, akebrett eller akematte - i lag med dei vaksne. Barna får støtte når det trengst, i lag med ein vaksen finn dei løysingar, barna blir litt utfordra og den vaksne viser korleis det kan gjerast. I dag har vi sett vaksne i full fart ned akebakken, eller som forbilde på ski rundt barnehagen.

Når det er full aktivitet og stor fart i akebakken er det mange vurderingar som skal gjerast, og mykje som skal lærast. Er det klart i bakken? Kva betyr eigentleg «LØYPE!»? Eller kvar skal ein gå når ein har kome ned bakken?

Rundt barnehagen blei det trakka opp ei skiløype. Med vaksne som gode rollemodellar, hjelparar og inspiratorar blei det mange rundar rundt barnehagen. Nokre prøvde ski for første gang, nokre hadde gjort det før, men syntes det var vanskeleg å røyse seg opp etter fall, og andre tok løypa like gjerne til fots – utan ski.

I dag var alle vinnarar. Grilla pølser frå bålpanna smakte kjempegodt.