Hausten

Årstider er faktisk ikkje eit så enkelt tema i barnehage som ein lett kan tru. Årstider har ikkje ein klar start eller slutt, den kan ikkje datofestast og kjenneteikna til årstidene er varierande. Hittil i haust har vi hatt kjempemykje regn og ein del vind, og no er det kaldt, vindstille og frost. Begge deler er typisk for hausten….

Det er i alle fall høgt verdsett når hausten viser seg frå si kalde og vindstille side, utan regn. Barna må erfare kva hausten er. At veret varierer, dagane blir kortare, påkledninga før dei går ut tek meir tid. Tida for «jakke og sko» er over for ei stund, medan cherrox og vottar blir gode å ha på.

Hausten kjem alltid etter sommaren, og før vinteren. Lauvtrea mister blada sine, sjølv om ikkje alle tre får fine haustfargar. Og fuglane blir ivrige på fuglematarane bak barnehagen.

Hausten er også tida der vi begynner å glede oss til snø og aking.