Karneval i barnehagen

Torsdag 7. februar 2013 gjekk årets karneval av stabelen. Årets tema var TROLL, vi ordna oss med strålande ver, fyrte opp trollgryte over bålet og hadde ein strålande fest ute på barnehagen sitt område.

I den siste tida har produksjon av trollkostyme stått i fokus, eit lavterskelantrekk i form av skjorte med lappar og ein feiande flott trollhale med dusk. Fram til i dag har halebruken i barnehagen vore avgrensa til øving og prøving, men i dag var det fri bruk.

Etter sambatog for alle i barnehagen rundt omkring barnehagen, enda vi opp på scena i skogkanten. Alle gruppene hadde øvd inn eit nummer dei viste fram for dei andre småtrolla i barnehagen.

Nedi eine hjørnet på uteområdet fann vi to båltroll som hadde som oppgåve å passe bålet pluss koke trollgryte til barna. Nokre småtroll hjalp visst til. Trollgryte med ketsjup var veldig populært og smakte veldig godt.