Sommarturen 2014

Årets sommartur gjekk til Atlanterhavsparken i Ålesund. Inne fekk vi sjå både fisk og krabbar, ute fekk vi sjå på pingvinane, leike i den store sandkassa og leike med det kjekke slusesystemet.

Kvart år legg Rørstadmarka barnehage ut på ein felles sommartur for heile barnehagen. I år besøkte vi Atlanterhavsparken i Ålesund, akvariet der vi finn mykje meir enn berre fisk.

Ute venta pingvinane på oss. Og den store blekksprutsklia. I den store sandkassa kunne vi grave fram eit dinosaur-skjelett, medan det store slusesystemet framstod som svært innbydande for barna.

Inne fekk vi sjå mange ulike fiskeslag. Og krabbar. Vi lot oss spesielt imponere over Heksekrabben. Eller var det først og fremst oppdagelsen av at det faktisk finst?

Dykkarshowet skuffa ikkje. Dykkaren mata fiskane, vinka til publikum, hadde ei lita framsyning av munnen til ein steinbit, og avslutta økta si med vindusvask(!). Nokre av barna syntes det var det kjekkaste å sjå på, sjølv om underhaldningsdelen eigentleg var over.

Inne i aktivitetsrommet fekk vi lov til å ta på og holde ulike saker og ting som lever i sjøen. Sjøstjernene og krabbane var kanskje mest populære, men det var fleire som lot seg fasinere av sjøpølsene og erimittkrepsane også.

Vi har hatt ein strålande dag!

PS! Vi vaksne har så lett for å gløyme at bussturen er eit sentralt høgdepunkt for barna. 

Blekksprutsklia

Den store sandkassa

Slusesystemet

Piggskate

Heksekrabben

Aktivitetsrommet