Småtur i nærområdet

August og september månad er alltid "bli kjent-tid" i barnehagen. I dag tok nokre seg ein tur i barnehagen sitt nærmiljø. Der var det mykje å sjå på og mykje å snakke om.

Rørstadmarka barnehage ligg slik til at ein kan ha varierte turar og turmål for alle aldersgrupper. I dag var ei gruppe frå dei yngste ute på jakt etter teikn til haust. Nokre blad har begynt å gulne.

Dei fleste fleste barna syntes likevel det var meir interessant å knørve blada enn å studere dei så nøye. Elles fann dei mange fine strå og ein del småstein.