Første adventssamling

Søndag 29. november har vi første søndag i advent. I barnehagen ordnar vi med samling og tenning av første lys litt på forskot.

Fredag 27. november 2015 hadde barnehagen årets første fellessamling med tenning av adventslys. Linda M. fekk hjelp av to barn frå utegruppe. Dei tende lys og sang ein sang.

Tross Linda si sviktande stemme, fekk vi høyre historia om Giovanni frå Italia som gjekk frå å vere fattig gut til kjend og framgangsrik gjøglar, for så å bli gamal og einsam. På sine gamle dagar gjekk han i kyrkja og fann lys og glede.