Nissefesten 2015

Nissefest i barnehagen er obligatorisk før jul. Entusiastiske barn og tilsette sørger for ein strålande fest kvart år, så også i år. Julenissen skuffa heller ikkje i år. Vi er alltid spent på om han har tid til å kome sånn rett før jul.

Barnehagen var heilt full av røde nisseluer i dag, pluss ei blå. Nokre av barna varma rett nok opp med nisselue i går, men i dag var det ingen tvil: Det var dagen for nissefest i barnehagen!

Barna fekk høyre historier om julenissen, vi gjekk rundt juletreet til ulike julesangar og vi åt deilig julegraut frå Tine. Heile tida var vi spente på om nissen kom til å kome.

Og endeleg kom nissen! Ned frå Sulafjellet. Han hadde tatt turen enda han har det veldig travelt om dagen. I sekken hadde han ei lita gåve til kvar: Ei lommelykt!

Julesnøen manglar, men bortsett frå det er barna no heilt klare til jul!