Påskekyllingar i fleire fargar

Kvart år har vi eit rugeprosjekt i barnehagen. I år kom det 6 kyllingar i ulike fargar.

Det er alltid veldig spennande om vi får til å ruge ut kyllingar med rugemaskina, sjølv om vi har til gode å ikkje få ut nokon. I år fekk vi ein svart, to brune og tre gule.

Kyllingane blir raskt det naturlege samlingspunktet i barnehagen. Dei er veldig populære. Alle foreldra har studert dei også (meir eller mindre frivillig). 

Etter opphaldet i barnehagen skal kyllingane til ein fosterfamilie. Der blir dei tatt godt imot, og det er ikkje lengre unna enn at barnehagen kan stikke innom og helse på.