1 - 2 - 3, rødt lys!

Sommarferien er over. Gamle venner møtast, nye vennskap skipast. Gjensyn med godt likte leiker, oppdaging av nye. Demonstrasjon av gamle kunster, meistring av nye. Velkomen til nytt barnehageår!

Vi skriv august, men ser nysnø på fjelltoppane. Slikt kan ein bli litt usikker av. Kva er dette? Slik vil vi ikkje ha det. Blir det litt meir sommar etterpå?

Slik kan mange barn kjenne det også, nye barn i barnehagen. Sjølv om dei har det kjekt også, treng dei litt tid til å venne seg til det nye. Det er mange nye mennesker, mange namn, alle dei vaksne har ulike namn, rutinene og reglane kan vere litt framand.

Mange av barna i barnehagen har begynt i ny avdeling. Det er ei tilvenningstid for dei også. Og kanskje også for dei som er igjen på den "gamle" avdelinga.

Dette er ein viktig månad for alle i barnehagen.

Heldigvis kan vi sjå at barna leikar seg og har det kjekt. "1-2-3, rødt lys!" er ein regelleik som har blitt overført frå barnegenerasjon til neste. Frå ein vaksen til barna, eller frå eit barn til andre barn. Nokre av barna utfaldar seg på fotballbana, medan andre er raske til å finne favorittsykkelen sin på sykkelbana. Bussen er også kjekk. Dei vaksne får akkurat pressa seg inn, og får bli med barna på dei mest fantasifulle bussturar. 

Alt saman med regndress i desse dagar.