Sommartur til Vigra!

Torsdag 7. juni 2012 la barnehagen ut på årets sommartur. Etter ein halvtimes busstur fekk vi ein fin dag i fjøresteinane på Vigra og eit spennande møte med ulike dyr på Emanuelgarden.

I år som i fjor gjekk årets sommartur til Vigra med buss. Der besøkte vi besøksgarden Emanuelgarden, og leika i fjøra.

Vi hadde med bøtter og spader som vi brukte i fjøra. Der samla vi inn krabbar, sneglar, skjell og tanglopper. Vi fann skjell og sneglehus som glinsa, sjøroser på steinane og spadde i den mjuke sanden.

Oppe på garden fekk vi møte fleire dyr som vi ikkje møter kvar dag. Den store geitebukken gjorde inntrykk. Vi fekk helse på esel, geitekillingar, ilder, gris, kaniner, høner, påfugl og fleire andre skapningar. Nesten alle likte brød!

Alle barna som ville fekk ri ein runde på hesten. Det var nok spennande å sitte på eit slikt stort dyr.

Den kjekke sommarturen har gitt oss masse gode minner og erfaringar. For å sjå fleire bileter frå turen, kan foreldre logge seg inn med brukarnamn og passord.