Elle melle, di fortelle...

Ein heilt vanleg dag i barnehagen, ein heilt vanleg haustdag. Det kan hende vi går ein liten tur, kanskje vi leikar "haien kommer" eller "alle mine duer", kanskje vi finn nokre kvistar og set opp eit tipitelt, eller det er sykling på sykkelbana og leik i sandkassa. Uansett kjem vi sjeldan utanom "å elle". Mellom barn i denne aldersgruppa blir "å elle" rekna for den mest rettferdige måten å dele eller løyse ei usemje på.

Kvardagen i barnehagen er kvar dag. Det er her dei viktige møta skjer. Barn lærer seg tidleg omgrepet "rettferdig", men innhaldet i omgrepet er ikkje så tilgjengeleg. Barna finn tidleg ut at det meste kan bli rettferdig om ein "ellar" om det.

Ein heilt vanleg dag i barnehagen kan vere å gå på tur, leike i sandkassa, sette opp tipitelt av kvistar som ligg att etter dugnaden, ha "smøremåltid" eller studere babyen til ein av dei vaksne i barnehagen. Uansett er det viktig for barna å lære seg "å elle".