Ansatte

Bikuba

Anette Korsnes Andersen

Stilling: Pedagogisk leder

Anette jobbar 2020/2021 som pedagogisk leiar på avdelinga Bikuba. Frå oppstarten i 2003 jobba Anette som assistent ved Rørstadmarka barnehage. Ho har seinare utdanna seg til førskulelærar, og har no mange års erfaring som pedagogisk leiar.

Anne Løvold Helseth

Stilling: Pedagogisk leder

Anne har jobba som pedagogisk leiar ved Rørstadmarka barnehage sidan barnehagen starta opp i 2003. Mange kjenner henne frå avdelinga Marihøna, i barnehageåret 2020/2021 jobbar ho igjen som pedagogisk leiar ved Bikuba.

Elin Bjerkestrand

Stilling: Assistent

Sidan 2018 har vi hatt gleda av å ha Elin med på Rørstadmarka barnehage sitt lag. Barnehageåret 2020/2021 er ho delt mellom Marihøna og Bikuba, i utgangspunktet 3 dagar - 2 dagar.

Maria Nøstrud Nevestad Blindheim

Stilling: Assistent

Sidan august 2019 har barnehagen hatt glede av å ha Maria i "sin stab". Ho har vore tilkallingsvikar og tatt på seg vikariat av ulik varigheit. Frå januar 2021 og ut barnehageåret er Maria å finne på Bikuba kvar dag.

Martine Søreng Fjørtoft

Stilling: Assistent

Martine har jobba ved barnehagen nokre år. Dette barnehageåret er ho å finne på Bikuba kvar mandag og fredag.

Marit Vatnedal

Stilling: Assistent

Sidan desember 2009 har Marit jobba i lag med oss i Rørstadmarka barnehage. Ho har arbeidd med alle aldersgrupper, barnehageåret 2020/2021 er ho på Bikuba.

Sofie Volle Fiskerstrand

Stilling: Pedagogisk leder

Sofie er barne- og ungdomsarbeidar og har jobba ved barnehagen i lengre tid. Hausten 2020 tek ho til på barnehagelærar-utdanninga i Volda, deltid. Dei dagane ho ikkje har undervisning er ho konstituert pedagogisk leiar på Bikuba.

Humla

Jorunn Helgesen

Stilling: Pedagogisk leder

Rørstadmarka barnehage har hatt Jorunn med på laget sidan 2004, først som assistent, seinare som pedagogisk leiar. Ho har også vidareutdanna seg til mentor og tek i mot barnehagelærarstudentar frå Høgskulen i Volda kvart år. Barnehageåret 2020/2021 er ho pedagogisk leiar for Humla.

Wenche Isabell Jensen

Stilling: Barne- og ungdomsarbeider

Wenche er barne- og ungdomsarbeider, ho har arbeidd i barnehagen sidan 2004. Barnehageåret 2020/2021 jobbar ho på Humla.

Marihøna

Anne Cathrin (Anca) Larsen

Stilling: Pedagogisk leder

Anca har jobba ved barnehagen sidan hausten 2004. Først som assistent, seinare som pedagogisk leiar, etter at ho fullførte deltidsstudium til førskulelærar ved Høgskulen i Volda. Seinare har ho vidareutdanna seg til mentor og tek årleg i mot barnehagelærarstudentar frå Høgskulen i Volda. Barnehageåret 2020/2021 er ho pedagogisk leiar på Marihøna.

Elin Bjerkestrand

Stilling: Assistent

Sidan 2018 har vi hatt gleda av å ha Elin med på Rørstadmarka barnehage sitt lag. Barnehageåret 2020/2021 er ho delt mellom Marihøna og Bikuba, i utgangspunktet 3 dagar - 2 dagar.

Helene Ytterdal Fylling

Stilling: Assistent

Helene har jobba i Rørstadmarka barnehage sidan 2014, både med store barn og små barn. Barnehageåret 2020/2021 jobbar ho på Marihøna.

Linda Kupen Båtnes

Stilling: Assistent

Linda har jobba ved barnehagen sidan 2007. Ho har vore å finne i lag med alle aldersgruppene, barnehageåret 2020/2021 er ho i lag med dei yngste barna på Marihøna.

Rebekka Fylling

Stilling: Pedagogisk leder

Sidan november 2019 har vi hatt gleden av å ha Rebekka som pedagogisk leiar ved Rørstadmarka barnehage. Før ho kom hit har ho rekt å få fleire års erfaring som pedagog. Barnehageåret 2020/2021 jobbar ho med dei yngste barna - på Marihøna.

Utegruppa

Kristine Engkrog

Stilling: Pedagogisk leder

Kristine har arbeidd i barnehagen sidan barnehagen åpna i 2003. Først som assistent, seinare som pedagogisk leiar. Barnehageåret 2020/2021 er ho pedagogisk leiar for Utegruppa.

Stine Salen

Stilling: Barne- og ungdomsarbeider

Stine har arbeidd ved barnehagen sidan 2005. Ho har erfaring med alle aldersgrupper. Barnehageåret 2020/2021 finn vi ho på Utegruppa.

Andre ansatte

Kristin Valen Håland

Stilling: Daglig leder
70 19 40 50
post@rorstadmarka-barnehage.no

Kristin har arbeidd ved barnehagen sidan oppstarten i 2003. Først som pedagogisk leiar, seinare som dagleg leiar.