Dette barnehageåret er Humla ei miks-avdeling der vi finn 2-åringane og dei yngste 3-åringane i barnehagen.
Sjølv om barna på Humla er ganske små, meistrar stadig meir. Dei etablerer vennskap, nokre begynner å få grep om rolleleiken, og gruppa kan introduserast for enkle regel- og songleikar.
Gjennom rolleleik øvar barna på å ta andre sitt perspektiv. Det kjem godt med når dei utanom leiken skal lytte til kvarandre. Rim, rytme og gjentaking i songleiken er sentral i barnets språkutvikling, og regelleiken er forutsigbar for barna med sin faste struktur når dei skal danne grunnlag for eit friare samspel i den frie leiken. "Kvar sin tur" kan vere vanskeleg i denne alderen, anten det handlar om å gå først eller kven som skal sitte på bursdagsstol.
I denne alderen begynner barna å få oversikt over namna på familiemedlemmane, at også foreldra og ikkje minst besteforeldra har eigne namn. Mange finn ut at dei har etternamn.
Barna viser stor glede over å få til stadig nye ting. Mestringsglede over å få til å lukke glidelåsen eller få på seg sokkane sjølv, skrive bokstaven sin, gå på do på barnehagen, hoppar frå benken eller "stuper kråke". I barnehagen "jaktar" vi på dei tinga barna får til, og jublar i lag med dei. Barn er ulike, har ulike interesser og utviklar seg i ulikt tempo. Men alle har noko vi kan juble over kvar dag.