Med "Trollskogen" som turmål

I overkommeleg avstand frå barnehagen finn vi "Trollskogen". Det er nok ingen over 60 år i bygda som kjenner det namnet på området, men alle under 6 år veit i alle fall kvar "Trollskogen" er å finne.

Mange store maskiner MIDT inni skogen. Barna er på veg til Trollskogen, men må sjå litt på kva dei store maskinene driv på med.

Vi har alltid hatt ulike løyper å velge mellom for å nå "Trollskogen" frå barnehagen, men akkurat no er er det kun via Lømyra vi kan gå på grunn av oppstart av prosjekt Rørstadmarka skule. Vi reknar med at vi etter byggeperioden igjen kan nytte fine og smale stiar gjennom skogen for å nå turmålet.

"Trollskogen" er ein skog med høge furutre og åpen skogbotn med mykje blåbærlyng. Det er steingard, stubbar og mange pinnar på dette området. I tillegg er der ein gamal grunnmur av eit slag som er fin å sitte på når vi skal ete nista vår.

Dei smale stiane i skogen er fine å gå på. Dei er avgrensa og lette for barna å forstå kvar det er meininga å gå. Med ujamne mellomrom møter vi på hindringar i form av røtter, steinar og av og til dammar. Flott motorisk utfordring der barna får trena auge-fot-koorinasjonen. Dei vaksne gir akkurat passe støtte til dei som treng det.

I Trollskogen finn barna både motorsyklar (stubbar), slott (einekager) og musikkinstrument (pinnar). Effektane blir brukt i leiken heilt utan at dei vaksne treng å forklare noko. Eller, det er ofte barna som må forklare det til dei vaksne....

Det hender at barnehagen tek fellesturar til Trollskogen, då er det kjekt å tenne bål og lage mat over det.