Barnehagen disponerer eit område i skogen i nærheita av Lømyra, som ligg nokså nært Rørstadmarka barnehage. Det tek ca. 7-8 minutt å gå i barnehagetempo, ein avstand som innbyr til blir flittig bruk av dei ulike gruppene. Her har vi bygd opp ein naturleikeplass.
Dette er eit område barna gjerne vil tilbake til. Dei får utfordra seg sjølv motorisk, dei klatrar opp og spring ned. Området inviterer til konstruksjonsleik og rolleleik, og barna testa og utfordra grensene sine. Her ser vi stadig ny meistring.
Rett som det er lagar vi mat ute, anten på stormkjøkken eller på grua. Då smakar lunsjen ekstra godt!
Naturleikeplassen er eit område som vi er glade i å bruke. Den flotte gapahuken som foreldra har sett opp er ein viktig samlingsplass når vi er her. Den blir også ofte nytta som rasteplass når vi eigentleg er på tur andre stadar i nærleiken.