Skjeret

For å kome til "Skjeret" kan vi gå opp Mikkalvegen og ned ei mark, eller så kan vi gå inn Blomvikvegen og finne stien langs fjøra. Det er uansett eit stykke å gå, så vi tek med mat vi planlegg å vere her ei stund når vi skal til Skjeret.

Eit av barnehagen sine turmål er naturperla "Skjeret". Sidan turen er litt lang må vi følgje nøye med på kva vi finn eller ser langs vegen. Det er alltid noko spanande. Vi kjenner alltids nokon som bur i husa vi går forbi, lastebilane helsar gjerne på oss med ein liten -tut-, høyballar kan skape lengre samtalar, for ikkje å snakke om ei død mus-funn.

"Skjeret" ligg i ei lun vik der det er ei fin fjøre og ein platting det er fint å sitte på når vi et nista vår. I fjøra finn vi alltid spanande ting eller dyr. Vi samlar inn i bøtter, studerer og spekulerer. Vi inspirerer til nysgjerrigheit og vitebegjær, og legg til rette for læring på barna sine premisser! Kor mange bein har ein krabbe, kva er tang, kvifor er sjøvatn salt, osb. Før vi går lyt vi rydde fint opp etter oss og sette eventuelle fanga dyr ut i sjøen igjen.