Rørstadmarka barnehage er ein av åtte barnehagar i Sula kommune. Alle barnehagane er med i det samordna opptaket og nyttar felles søknadsskjema.
Klikk her for å gå direkte til kommunens søknadsskjema.
For å kome med i barnehagane sitt hovudopptak må ein søke i perioden 1. januar - 1. mars. Oppstart for barnet i barnehagen er 1. august, eventuelt september, oktober eller november for dei barna som fyller 1 år den månaden.
Ein kan søke barnehageplass heile året, opptak vil da bli gjort ved ledig kapasitet ved barnehagen.
Dersom du allereie har plass ved ein barnehage i Sula kommune, men ønskjer å bytte barnehage eller endre type plass, må du logge deg inn på din brukar og søke den vegen. Fristen er 1. februar.
Når du søker om barnehageplass skal du sjølv legge inn kode for ditt barn. Kodene er slik:
-
- KODE 01
§13 Barnehagelova, prioritet ved opptak pga. sakkunnig vurdering om nedsett funksjonsevne og barn som det er fatta vedtak om etter lov om barneverntenester. Må dokumenterast. - KODE 02
Endring av type plass og/eller barnehage i Sula kommune. Gjeld for dei som alt har plass i privat eller kommunal barnehage i Sula. - KODE 03
Denne koden gjeld for:- Søsken av barn som alt har plass i den barnehagen det vert søkt
- Personar med eigarinteresse i privat barnehage
- Barn av personale i barnehagen
- Barn av personale til andre prioriterte stillingar
- Barn av tilsette i firma som har avtale med privat barnehage
- KODE 04
Siste år før skulestart. - KODE 05
Skriftlege tilrådingar frå offentleg instans, lege og liknande. Må dokumenterast. - KODE 06
Utdanning. Minst ein av dei føresette med dagleg omsorg for barnet er under utdanning. - KODE 07
Einsleg forsørgjar. - KODE 08
Kultur / anna språk. Minst ein av dei føresette med dagleg omsorg for barnet har anna morsmål enn skandinavisk. - KODE 09
Begge foreldre/føresette i arbeid.
Ved opptak og samansetting av barnegruppene skal det takast omsyn til at det vert ei rimleg fordeling med omsyn til alder, funksjonsnivå og kjønn.
Dersom meir enn ein kode er aktuell, bruk koden med lågast verdi.
- KODE 01