Barnehagen i hjartet av Sula

På Fiskarstranda i Sula kommune finn du Rørstadmarka barnehage. Barnehagen ligg slik til at det er snertent å svinge seg innom frå hovudvegen, samtidig som vi ligg skjerma og med kort veg til mange fine turmål.

Hausten 2003 såg Rørstadmarka barnehage SA dagens lys. Det er ein andelsbarnehage der alle foreldre er andelshavarar og den drivast av eit eigarstyre. 

Barnehagen ligg slik til at vi har kort veg til både skog, mark og fjøre. Dette er barnehagen opptekne av å gjere seg nytte av. Barnehagen har plassar for barn frå 0-6 år. Dei er fordelt på 4 grupper; Marihøna, Bikuba, Humla og Utegruppa.

Barnehagen er med i det samordna barnehageopptaket i Sula. Utanom hovudopptak med søknadsfrist 1. mars er det "løpande opptak" ved ledig kapasitet. Ein kan søke om barnehageplass heile året. Klikk her for å komme til søknadsskjemaet alle barnehagane i kommunen brukar.