Det er lett å tenke litt "vaksent" når ein skal planlegge ein tur med barna i barnehagen. Men det er ikkje alltid nødvendig å legge opp til ein lengre tur for at det skal vere eit godt turmål. Av og til finn vi det rette turmåle like utanfor barnehagen sitt område. Slik er det nemleg med "Fortauskogen".
Vi trur at området har oppstått av fyllmasse etter at vegen blei laga opp til byggefelta i nærleiken. Sjølv om bakken i dag er fin skogbotn med mose og blad, er det nokre store steinar og gamle betongrør som røper ei anna historie enn at ein isbre har laga denne formasjonen. Det MÅ ha vore gravemaskiner også involvert.
Skogen som har fått vekse opp er typisk vegkant-tre som bjørk, selje, rogn og ei og anna furu. Det er lett å finne pinner og greiner når det er bruk for det. For eksempel til å bygge hytte.