Årsplan i Rørstadmarka barnehage

Med utgangspunkt i rammeplan for barnehagen skal samarbeidsutvalget for kvar barnehage fastsette ein årsplan for den pedagogiske verksemda, jamfør barnehagelova kap 1. Årsplanen er eit arbeidsdokument for personalet og gir informasjon til føresette og andre interesserte som kommunen og andre samarbeidspartnarar. I årsplanen kjem det fram kva barnehagen skal drive med gjennom året. Periodeplanar for dei ulike barnegruppene blir sendt ut til føresette gjennom året.

Barnehagens årsplan, del 1 har vi kalt frå A-Å. Denne delen er den same frå det eine året til det neste. Her skal ein finne svar på korleis vi gjer ting/ har det i Rørstadmarka barnehage, sortert etter alfabetisk orden.

Barnehagens årsplan, del 2 gjeld for eit barnehageår om gangen. Felles overordna tema for Rørstadmarka barnehage barnehageåret 2026/2027 skal vere «språk og språkutvikling», med «fuglar» som gjennomgåande tema heile året. Som barnehage har vi bøker og høgtlesing for barna som særs sentral aktivitet. Vi veit at vi vaksne rundt barna er heilt sentrale som språkmodellar, og brukar språket vårt aktivt for å auke barnas ordforråd.

Med fuglar som gjennomgåande tema skal vi auke både ordforråd og kunnskap gjennom året – kanskje også for oss vaksne. Vi skal finne ut kva fuglane driv på med, kva dei heiter, kva dei et, korleis dei ser ut, korleis dei kommuniserer og mykje meir. Vi er spesielt spent på om vi får fuglekassene vi har kjøpt inn – med kamera, til å fungere.

I Sula kommune driv "oppvekst" på med eit tverretatleg utviklingsarbeid for dei tilsette om barns språklege utvikling og leselyst. Det er eit samarbeid mellom barnehage, skule, helsestasjon, bibliotek og administrasjon i kommunen og høgskulen i Volda. Ved å auke kompetanse blant dei tilsette skal barna få eit betre tilbod, og som eit produkt av prosessen skal det komme ein språkplan i Sula.

Frå august 2026 er temaet «skriving». Her blir vi utfordra på kva barn i barnehagealder treng av grunnleggande ferdigheiter for å kunne bli klare for å tileigne seg kunsten å skrive når dei kjem til skulealder. Rim, rytme, språk, motorikk, nysgjerrigheit, like å bli lest for er stikkord som melder seg. Høgskulen i Volda skal lage språkløyper til personalet i barnehagen som grunnlag for personalet sitt utviklingsarbeid i dette emnet.

Årsplan del 2 er utarbeidd av pedagogane og skal fungere som informasjon til foreldre og andre aktuelle instansar, og eit forpliktande arbeidsdokument for dei tilsette. Vi har valgt å bruke bilder frå året som har gått som illustrasjon, og tenker den som kalender kan vere tilgjengeleg og aktuell på kjøkkenveggen til mange av barnehagebarna.

I barnehagen skal vi ha inkludering i fokus, tenke på kva miljø vi skapar for barna og anstrenge oss for å høre barnets stemme. Barnet si stemme skal vi høre gjennom det barnet fortel sjølv og viser med kroppsspråket sitt, det foreldre fortel og det vi som jobbar i barnehagen observerer. Barna skal ha eit trygt og godt miljø i barnehagen.

Med inkludering meiner vi:

• Fellesskap; du er ein av oss.

• Deltaking; i aktivitetar og det sosiale fellesskapet.

• Medverknad; kunne seie si meining og bli lytta til.

• Utbytte; fagleg og sosialt utbytte for alle.

 

I Rørstadmarka barnehage har vi samanfatta fagområda i rammeplanen til ein progresjonsplan. Det er mykje som skjer i løpet av barnets første år, alder og utviklingsnivå har betydning for korleis vi jobbar med og i barnegruppene. Likt tema vil bety ulike måtar å jobbe på.

 

Årsplanen i barnehagen er utarbeidd av personalet og vedtatt av barnehagens samarbeidsutval:

årsplan del 1, frå A-Å, pdf

årsplan del 2, 2026-2027, pdf

 

 

årsplan del 2, 2025-2026, pdf 

årsplan del 2, 2024-2025, pdf

årsplan del 2, 2023-2024, pdf

årsplan del 2, 2022-2023, pdf

årsplan del 2, 2021-2022, pdf

årsplan del 2 2020-2021, pdf

årsplan del 2 2019-2020, pdf