Barnehagens "avgangsbarn" er samla i Utegruppa

Det siste året i barnehage før skulestart har barna ei eiga førskulegruppe som finn på litt eigne ting og aktivitetar. 5-åringane er på Bikuba.

Dei eldste barna i barnehagen vår finn vi på Bikuba. I løpet av det siste året i barnehagen blir barna stadig meir sjølvstendige og sjølvhjelpne. I førskulegruppa blir dei utfordra litt meir på å kle på seg sjølv, på kva dei treng å ha med seg / på seg og på turmål. Dei begynner å få god kontroll på kvar dei sjølv bur og også kvar mange av vennane deira bur.

Førskulegruppa skal ha eit opplegg som heiter "skoggruppemodellen". Der øver dei på planlegging, gjennomføring og gjenfortelling i etterkant av turen. Under etterarbeidet fortel barna noko frå turen og teiknar i skoggruppe-boka si. I tillegg til å øve på å gjenfortelje, beskrive ting, viser barn i denne alderen ei begynnande interesse for å skrive. Det er gjerne stor interesse for tal og alder, medan årstal framleis er litt ubegripeleg for dei :)

Rørstadmarka barnehage har eit tett samarbeid med Rørstadmarka skule og Måseide barnehage. Gjennom dette siste året i barnehagen møtast vi til fleire treff der målet er å bli betre kjent og trygg på barn og nokre av dei vaksne som skal møte dei i august når det er tid for å starte i første klasse.