Idrettsplassen i vårt nærmiljø

I kort avstand frå barnehagen finn vi Lømyra, Fiskarstrand idrettslag sitt anlegg. Med ballbinge, kunstgrasbane og vanleg grasbane har vi mange flater å velge mellom. Vi brukar dei til balleik, sangleik, regelleik og mykje anna.

Vi har så mange fine turmål i nærleiken til barnehagen, Lømyra er eit av desse. Rett nok har vi kunstgrasbane på barnehagen, men av og til har vi lyst til å slå langpasningar eller leike litt stort, då kan vi gå hit.

Avstanden frå barnehagen til Lømyra er 212 meter i luftlinje, og under 300 meter å gå når vi går ut porten på baksida og nyttar den snar-vegen. Denne strekninga er innan rekkevidde for alle barna i barnehagen, og opplevinga av å ha pakka sekken og lagt ut på tur er der.

Når vi skal til Lømyra, tek vi nesten alltid med oss ballar, frisbear, "fallskjermen" eller anna aktuelt utstyr. Leiken kan godt vere heilt fri, men ofte blir det organisert regelleiker, der aktiviteten eller leiken skjer etter faste reglar. Barna lærer leiker som har gått "i arv" frå generasjon til generasjon, som "alle mine duer" eller "haien kommer". 

Barna trenar både språk, minne, merksemd og sosiale ferdigheiter når dei leikar regelleik. For mange kan det vere vanskeleg å akseptere enkelte reglar innan leiken, og må øve mykje. Det er ikkje lett for alle å akseptere at dei blir om til REV når dei blir tatt, når dei i utgangspunktet var due...