Sykkelen er eit fast innslag i dei fleste barnehagar, også ved Rørstadmarka barnehage. Vi har syklar i ulike storleikar og fasongar. Dei fleste med 3 hjul og pedalar, men også små syklar utan pedalar, syklar med med 2 hjul, sparkesyklar og taxi-syklar med plass til passasjerar.
I periodar ser vi at dei ulike syklane får ulik status. Det kan vere at fargen er sjelden (gul), at det er plass til passasjerar, eller det kan vere sjølve stilen; sjåføren ligg nærmast litt bakover. Sjølv om barnehagen har mange syklar, hender det at den vaksne må hjelpe til med fordeling og organisering av syklar på sykkelbana.
Sykkelbana innbyr til fysisk aktivitet, slik rammeplan for barnehagen ber oss om. Vi ser at barna trenar opp auge-fot-koordinasjonen når dei lærer seg å bruke sykkelen. Balansen blir trena og dei får erfaring med forbruk av energi (kraft) og fart.
Etterkvart som barna beherskar sykkelen, blir den brukt som reiskap i leiken. Det er mykje sosial trening på sykkelbana også. Kva skjer når to barn vil ha den same sykkelen? Eller om nokon vil sykle fortare enn den framføre? Er det eigentleg nødvendig å vise omsyn til fotgjengarar i sykkelbane? Eller er ein forplikta til å ta på passasjerar dersom ein syklar rundt med ein sykkel med plass til to?
Om du er interessert i å lese meir om kva som blir tenkt om å bruke kroppen aktivt gjennom dagen, har Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet har laga eit hefte om motorisk utvikling som heiter "Mestre med kroppen".