Fiskarstrand skule sin naturleikeplass

Fiskarstrand skule sin naturleikeplass ligg "ganske langt" inn i skogen når vi går frå barnehagen. Men når vi passerer "Trollskogen", kan vi høre stemmene frå dei barna som allereie har kome fram. Denne naturleikeplassen har grue, gapahuk, fleire balansetau og ei artig slenge.

Ein god skogstur unna barnehagen finn vi naturleikeplassen til Fiskarstrand skule. Det er eit fint område med gapahuk, grue og fleire leikeapparat som er bygd opp av stokkar og tau. Sjølv om dei minste barna våre blir litt små til desse apparata, som er meint til skulebarn, er det eit område som innbyr til stor aktivitet for alle våre barn. Den tørre furuskog-botn innbyr til springing og leik, og barna kan meistre mykje med litt vaksenstøtte om dei har lyst til å prøve seg på apparata.

Gjennom "markane" (skogen) er det fine stiar å gå på til denne naturleikeplassen. Når vi passerar "Trollskogen" er vi ikkje så langt unna naturleikeplassen til Fiskarstrand skule. Om vi stansar her og lyttar, kan vi høre lyden av barna som allereie er framme. Det er oftast latter og glade utrop. Dei som treng meir tilrettelagt transport (vogn) går inn frå "Skjervane". I eine hjørnet av byggefeltet der går det ein nokså brei og ganske flat sti nesten heilt fram. 

Fleire år har vi lagt vår årlege hausttur til dette området, noko det fungerer godt til. Grua er veldig fin, og den grilla lunsjen smarkar alltid fantastisk! Når vi tennar opp bål i lag med barna bevitnar vi gang på gang den hypnotiserande effekten. Barna fell heilt til ro kring bålet og mange fine samtalar stig fram om flammar, røyk, varme, glør og matlaging, for å nemne noko.