Bikuba

Bikuba er ei aldersblanda gruppe der dei eldste 3-åringane og 4-åringane er på avdeling i lag med 5-åringane i førskulegruppa.

Barna i denne gruppa er i ferd med å knekke mange viktige kodar som dei får bruk for vidare i livet. Språk, forhandling, venskap, matematisk grunnforståing, rolleleik, sjølvregulering, turtaking, bli sjølvstendig og mykje meir. Den vaksne i gruppa skal vere nær nok til å delta, men samtidig kunne sleppe nok til at barnet får passe med utfordring.

I det sosiale samspelet mellom barna er språket stadig meir sentralt. Relasjonsbygging mellom barna er viktig, vennar som ventar i barnehagen gir ei god kjensle. Mellom vennar oppstår også konfliktar, dei må løysast på ein god måte der vi øver på å bruke talespråket. Det er ikkje alltid lett, ein treng vaksne som ser og kan hjelpe. Og ein lyt øve.

Barna er også i ein alder der mange vil "klare sjølv". Ein slik motivasjon er det lurt å nytte for å gjere barna meir sjølvhjelpne ved motoriske øvingar som påkledning eller klipping med saks.

Som dei andre gruppene i barnehagen er Bikuba flittige brukarar av den fine naturen i barnehagen sitt nærmiljø. Her får barna øvd seg på å gå i ulendt terreng, balansere, gå i rekke, "halde ut" å vere ein plass i rekka som ikkje er førstevalet (det gjevaste er å gå fremst), kjenne igjen skogens lydar og lukter, erfare ulike temperaturar, tilpasse fart og utfall til ulikt underlag og mykje meir.