Rundt barnehagen kan vi lett finne både dyr og skattar

Når barna i barnehagen går på jakt, er det mest dyr og ulike skattar dei ser etter. Dei mest vanlege dyra er meitemark, edderkopp, sneglar, skrukketroll og frosk. Dei mest vanlege skattane er knappar, merkelappar, kråkesølv og sukker (sila sand).

Når barna er på skattejakt går dei inn i ei verd der vaksne berre har delvis tilgang. Utrusta med bøtter, spader og gjerne ei sil (fungerer som lokk til bøtta), kan dei finne flotte skattar. Nokre barn har til og med teikna seg eit skattekart som dei kan følgje. Verdien av skattane blir satt av tilgang og kanskje litt av kven som har funne den.

Dyr er alltid spennande. Edderkoppar og skrukketroll samlast i bøtter, meitemarken blir studert og frosken forsøker ein å halde. Når vi vaksne "blandar oss inn", blir det gjerne litt meir vitenskapleg. Vi studerar froskeegg som utviklar seg til rumpetroll og ferdige små froskar. Vi les om myredderkoppen og andre småkryp. Nokre har vingar og kan fly, andre må halde seg til eit liv med bakkekontakt. Alt slikt er spennande å halde på med. 

Barna samlar også inn skattar som ikkje er levande. Det kan vere fine, små pinnar eller steinar, kråkesølv eller sukkersand dei har jobba ei stund med å lage. Ekstra verdifulle er perler eller enkelte knappar, men skruar og fine strikk kan også fungere som skattar.

Mange fagmiljø er opptatt av brytninga mellom leik og læring, og kva kunnskap om dette kan nyttast til. Forskning.no har publisert ein artikkel om universitetet i Stavanger om korleis leik kan nyttast til læring.