Mandag 13. august gjekk ei gruppe til Skjeret. Straks vi kom fram, var barna fordjupa i fjøresteinane. I bøtter og spann blei det samla inn krabbar, tanglopper, steinar og skjell. Ein stor, død krabbe blei studert inngåande.
Etterkvart blei det på tide å returnere til barnehagen. Vi arrangerte krabbekappløp i samband med at vi slepte krabbane fri. Det var noko uklart kven av krabbane som vann. Nokre gravde seg ned før dei nådde målstreken, andre gjekk feil veg og kom ut av bana.