Det er alltid litt spennande å starte på eit nytt år i barnehagen. Nokre barn er her for første gang, andre kjem tilbake og skal finne sin plass i ei ny gruppe. Andre igjen er meir forundra over at dei eldste barna frå før sommaren ikkje kjem tilbake, og oppdagar at dei no plutselig har blitt "dei eldste".
I barnehagen er det uansett mykje artig å studere, småkrypa sluttar aldri å imponere. Mauren, for eksempel, bryr seg ikkje om den blir studert. Det same gjeld sneglar og edderkoppar.
Det har blitt nokre turar i "markane". Der er det blåbær å finne på denne tida av året. Barna har fått lage blåbærsylte, det likte alle. Lunsj i skogen smakar forresten ekstra godt når den vaksne les bok.